
Om Kyrkjebygdheia
Øvst i Nissedal, ved naturskjønne Nisser, finn du ei eventyrleg hyttegrend. Velkomne skal dykk vere – til Kyrkjebygdheia.
Små og store eventyr
For nokre handlar hyttedraumen om kvilepuls og små augneblink, som det å nyte eit varmt måltid med familien etter ein dag i skiløypa, eller lyden av eit stille fiskevatn. For andre handlar det om å fylle tida med oppdagingar – om det å tråkke nye stiar og kjenne på eventyrlysta. Kva enn hyttedraumen din måtte vere, er det stor sjanse for at du finn han her på Kyrkjebygdheia.
Hyttegrenda ligg idyllisk til på eit solrikt fjellområde aust for Nisser i Nissedal kommune. Ein stad kjend for snøsikre og vakre omgivnader. Eit perfekt utgangspunkt for naturopplevingar, året rundt.


I eitt med naturen
Det magiske ved Kyrkjebygdheia møter deg allereie før du er framme. Det møter deg på bilvegen i det gamle kulturlandskapet langs Nisser og vidare på veg opp frå Kyrkjebygda. Med dei langstrakte furutrea og tindane rundt. I den svale vinden på sommaren og i den låge, klare sola på vinteren. Det møter deg i det fantastiske landskapet rundt hyttene, kor me bygg i eitt med naturen.
Skiløyper ved hytta
Rett utanfor hyttedøra finn du flotte, milelange langrennsløyper. Dei oppkøyrde spora strekk seg heile 60 km gjennom det unike fjellandskapet og passar like godt til born som erfarne skigåarar. Eit aktivt og erfarent løypelag og løypekjøyrane gjer så du kan nyte skisesongen til det fulle. Utforsk eit stort utval turløyper blant islagte fjellvatn, gapahukar og snødekte skogar.
Populære løyper:
- «Breilivatn/Skornetten» (oransje) 13 km
- «Espeliheia» (raud) 4,4 km
- «Milløypa» (blå) 9,5 km
- «7 km» (blå/lilla) 6,5 km
- «Rundløypa» (blå) 1,8 km
- «Tomila/Lauvnetten» (grøn) 16 km
Ynskjer du ein tur i slalåmbakken, har du Kyrkjebygdheia skisenter like ved. Eit koseleg lite senter for heile familien. I tillegg kan du oppleve Gautefall- og Vrådal skisenter, berre 30 minutt unna. Snøen og sola gjer heia til eit paradis for alle vinteraktivitetar.


Sommar i fjellet
Området byr på eit hav av moglegheiter også på sommaren – anten du er på utkikk etter badevatn, fiskevatn, turopplevingar eller smakfulle molter.
Er du glad i fisking, er du nok glad i Kyrkjebygdheia. Her har du valet mellom store innsjøar og nokre av dei vakraste fjellvatna Noreg har å by på. Vinter- og isfiske er ein populær hobby på heia, og med god grunn, forholda her er perfekte. Men det er nok på sommarhalvåret dei fleste prøver fiskelukka. Fisk etter aure i eit av dei utallege fiskevatna eller ta eit svalt fjellbad i solvarmen. Drøymer du om sandstrender, er du berre eit par minutt med bil frå innsjøen Nisser, som byr på eit idyllisk og yrande badeliv. Her kan du òg få gleda av å oppleve Noreg si aller siste kabelferje for bil. Den ikoniske båten fraktar årleg meir enn 5000 bilar mellom Fjonesundet og Sundsodden.
Ta turen til nye høgder
Med opp til 800 meter over havet gir mange av hyttefelta deg ei slåande utsikt over den flotte fjellheimen, og det er ingen problem å kome høgare om du ynskjer det. Nissedal er kjend for sine mange toppturar. Eig du hytte her kan du velje mellom ei rekke familievenlege fjellturar til kjende og ukjende turmål. Frå urørt villmark, svafjell og klare vatn innover heia til bergsklier og badegryter i «naturens badeland» på Jettegrytene. Likar du å jobbe litt for utsikta finnes det sjølvsagt raude løyper å velje mellom på storparten av fjella. Felles for alle toppane er den majestetiske utsikta du får av Telemark.


Klatring for store og små
Drøymer du om å klatre i norsk natur? Jau, då er dette staden for deg. Nissedal og særleg Hægefjell er eit av Skandinavias mest ettertrakta klatredestinasjonar. Med eit stort klatresenter og mengder av ruter å velje mellom har området noko for alle, frå nybyrjar til fjellgeit. Berre på Hægefjell kan du velje mellom 60 ruter, kor nesten alle er sjølvstendige. Her finn du eit godt klatremiljø og minneverdige klatreopplevingar for heile familien.
Myras gull
Ein moltetur er ei fantastisk oppleving, anten du er på leiting etter skogens ro eller ein minnerik tur med familien. Ikkje berre sankar du inn smakfull og sunn mat, molteplukking er ein eventyrleg måte å oppleve naturen på. Mange seier kanskje at det er dei som har den beste molta, men det er det vi som har. Høgda og dei solrike forholda gir både molta, blåbæra og tyttebæra ein unik og frisk søtsmak.

Kvifor velje Kyrkjebygdheia?
- Flotte tur- og skiløyper i vakkert fjellandskap
- Nærhet til mange aktivitetstilbod året rundt
- Sol- og snørike forhold
- Kort avstand til naturskjønne Nisser
- Sentralt plassert i Telemark
- Gode vegforbindingar til alle delar av landet
Gjer hyttedraumen til verkelegheit.
Opplev små og store eventyr, heile året.