Aktiviteter
Kyrkjebygdheia er kjent for å vera eit snøsikkert område med gode skiforhold. Men Kyrkjebygdheia og områda rundt innsjøen Nisser byr òg på mange andre høgdepunkt sommar som vinter.
Skiløyper/
Turløyper
Kyrkjebygdheia er kjent for å vera eit snøsikkert område med gode skiforhold.
Hos oss finn du eit stort utval av merka preparerte løyper vinterstid som strekker seg gjennom småskog og over opne heiar, eller opp mot Skornetten på 883 moh. I tillegg til dei ca. 60 km med løyper, byr Kyrkjebygdheia òg på uendeleg med moglegheiter for deg som helst tråkkar dine eigne spor. Frå skiløypene er det eit vell av moglegheiter til å ta ein avstikkar – opp på ein topp eller til ein lun solhelling der du kan nyta stilla og roa heilt for deg sjølv.
Du finn òg mange merka løyper i ulik lengde for å oppleva fjellet sommarstid. Kyrkjebygdheia har eit terreng som innbyr til flotte turar som kan tilpassast alle.
Det er det Kyrkjebygdheia Løypelag som utviklar og sikrar gode skiløyper og som merkar og ryddar turløyper sommarstid. Det er òg løypelaget som organiserer pengeinnsamlinga og som inngår løypekøyringsavtale.
Løypelaget har både eiga heimeside, og eigen Facebookside der du kan få informasjon om alle løyper, og følgja med på forholda. Løypemaskina kan du òg følgja på skisporet.no.
Skisenter
Kyrkjebygdheia har eit nytt skianlegg, som ligg i solhellinga opp mot hytteområdet Stemtjønn. Her er det skitrekk med T-krok på ca. 980 meter og anlegget har ein noko lengre løypetrasé. Her kan familiane, som føretrekker skiturane sine i nedoverbakke, halda til mange fine timar. Når pudderalarmen går, har du òg flotte moglegheiter for løssnøkjøring.
Heisen går i helgar og feriar når snøforhold og vêret tillèt det.
Ønsker du å besøke eit større anlegg så er skisenteret i Vrådal og Gautefall er innertier. Disse ligger innenfor ca. 30-40 min. i bil fra Kyrkjebygdheia.
Fiske
Om ein er interressert i fiske vil ein tur i terrenget på Kyrkjebygdheia by på mange moglegheiter. Frå dei store Holmvatn og Breilivatn til ein tur innover heiene både sør-, aust- og nordover kvar ein finn eit mekka av fiskevatn.
Fjellvatna på Kyrkjebygdheia har godt med ørret, og fiskekort for stangfiske kan kjøpast på inatur.no Vatna blir forvalta av Nordbygda & Kyrkjebygda Fiskelag.
Når isen er trygg, så kan du ta med deg isbor, maggot og pilkestikke, og berre vente på fangsten.
Hugs at pga. gyting blir dei fleste vatn freda frå 15.09 til 31.12 kvart år.
Link for fiskekort:
INATUR
Nærområdet
Nissedal er ein ekte heilårsdestinasjon! Innsjøen Nisser som er ein stor flott sjø med mange flotte bademuliheter med både strender og svaberg. Her går sommarstid veteranbåten M/F Fram i rutetrafikk med fast anløp på i Kyrkjebygda.
Liker du toppturar, har Nissedal ei lang rekke fjelltoppar kan du klatra til topps på. Her vil alle finna ein tur som passar, frå ein enkel barnevennlig tur, til tilrettelagde klatreruter ved Hægefjell. Dette er eit av Nord-Europas beste klatreområder og byr på både spenning og utfordringar!
Du kan òg ta i bruk terrengsykkelen din , og ved Canvas Hotel i Nissedal er det bygd eit stinett som gir eit stort utval av variasjonsmoglegheiter, som svasykling, singletrack i både korte og lange turar. Besøk òg Jettegrytene ved Eikhom, som er den perfekte badeplassen og ei flott oppleving for både dei vaksne og eldre barn.
I Vrådal finn du ein 9-hol`s golfbane. Banen ligg idyllisk til, og byr på utfordringar med tronge fairways, og vatn i spel på fleire hol.
Vinter og sommar er ein spasertur rundt i sentrum i Treungen tida verd. Du kan finne både sport, interiør- og klesbutikkar og besøka ein kaffibar. Z-museum gir deg ei kjensle av kvardagen til tidlegare generasjon – her finn du mellom anna flotte veteranbilar, gamle telefonar og leiketøy. I Treungen finn du òg turistinformasjon, matbutikkar, sal av drivstoff og ein kafé – og byggforretning som sørger for alt som trengst til bygging og vedlikehald av hytter og hus.
I Kyrkjebygda finn du òg ein dagligvarebutikk. Her finn du alle dei vara du treng til den daglege handelen din.
Linker:
Klatring
Canvas Hotel
FRAM
Golf
Z-museum