Skip to content

Eventyrlege
forhold


For nokre handlar hyttedraumen om kvilepuls og små augneblink, som det å nyte eit varmt måltid med familien etter ein dag i skiløypa, eller lyden av eit stille fiskevatn. For andre handlar det om å fylle tida med oppdagingar – om det å tråkke nye stiar og kjenne på eventyrlysta. Kva enn hyttedraumen din måtte vere, er det stor sjanse for at du finn han her på Kyrkjebygdheia.

Hyttegrenda ligg idyllisk til på eit solrikt fjellområde aust for Nisser i Nissedal kommune. Ein stad kjend for snøsikre og vakre omgivnader. Eit perfekt utgangspunkt for naturopplevingar, året rundt.

Om Kyrkjebygdheia

Nøkkelferdige hytter


På Kyrkjebygdheia kan du enten kjøpe tomt, eller du kan kjøpe ei nøkkelferdig hytte av oss som også inkluderer sjølveigd tomt. Er det andre hyttemodellar enn det som blir presentert i prospektet som freistar, ta gjerne kontakt med oss.

Hyttene våre

Skiløyper


Kyrkjebygdheia er kjend for å vere eit snøsikkert område med gode skiforhold.

Hos oss finn du eit stort utval merka preparerte løyper vinterstid som strekk seg gjennom småskog og over opne heiar, eller opp mot Skornetten på 883 moh. I tillegg til ca. 60 km med løyper, byr Kyrkjebygdheia òg på mange moglegheiter for deg som helst tråkkar dine eigne spor. Frå skiløypene tar du enkelt ein avstikkar – opp på ein topp eller til ei lun solhelling der du kan nyte stilla og roa heilt for deg sjølv.

Les mer